Bli medlem

Takk for at du vurderer å bli medlem i Volda E-sport! Medlemskap er ei forutsetning for å drive med sportsaktivitetar i klubben.

Alle tillitsvalde (lagleiar, trenarar, styremedlemmar, osv) betalar også medlemskap.

Kven kan bli medlem?

  • 8 år eller eldre
  • Godkjenning frå føresette for medlemmar yngre enn 18 år
  • Ingen krav til ferdigheit, VES er ein breiddeklubb med plass til alle

Medlemskap gir

  • Tilgang til medlemsaktivitetar i VES regi
  • Tilgang til opne online treningar
  • Tilgang til VES sitt spelmiljø på Discord
  • Tilgang til å kjøpe klubbtrøye
  • Deltaking på årsmøte
  • Medlemsprisar på arrangement og utstyr

Treningsavgift gir

  • Klubbtrøye
  • Trening i VES sitt klubbhus (vår heimebane!)
  • Tilgang til VES maskinpark
  • Deltaking på eit organisert e-sportlag med lagleiar og trenar

Vel medlemskap

Medlemskap gjeld per kalenderår og vert fornya årleg 1. januar. Melder du deg inn etter 1. november, betalar du ikkje kontingent før året etter.

MedlemskapPris årleg InnmeldingBeskriving
Klubbmedlem300 krMeld deg innMedlemskap i Volda sin første e-sportklubb!
Støttemedlem100 kr Bli støttemedlemPassar for deg som ønsker å støtte VES, men ikkje har tid eller kapasitet til å engasjere deg aktivt.
Treningsavgift1500 krTa kontakt etter innmledingFakturert halvårleg (750 per halvår).

Medlemskontingentar og treningsavgifter vert fakturert og betalte via Styreweb.

Andre utgifter

I tillegg til medlemsavgift kan det førekome kostnader knytt til:

  • Deltaking på turneringar og treningsleirar
  • Dugnader for Volda E-Sport
  • Dugnader for eige lag
  • Konkurranseutstyr (mus, tastatur, headset, osv)

Spørsmål og svar

Kva går pengane frå medlemskap og treningsavgift til?

  • Utgifter til klubbhus og maskinpark
  • Trenargodtgjersle og trenarkurs

Kva skjer når eg har meldt meg inn?

Du vil få ein e-post med praktisk informasjon og invitasjon til vår Discord server.

Kva spel kan VES tilby?

Sjå oppdatert informasjon om speltilbod.