Bli sponsor!

Vi set stor pris på alle sponsorar og er glade for dykkar bidrag til klubben. I tillegg til standard sponsorpakkar kan vi tilby skreddarsydde sponsoravtalar tilpassa dykk.

For ein presentasjon, eit møte eller om du har spørsmål så send ein e-post til sponsor@volda-esport.no eller ta direkte kontakt med ein av oss i styret.

Om oss

Volda E-sport (VES) er ein frivillig organisasjon som vart stifta i 2020. Vi har som formål å fremme interesse for elektronisk sport (e-sport) og tilby organisert trening og konkurranse i dataspel. Vi vil tilby eit sosialt møtepunkt for alle som er opptekne av dataspel og e-sport i Volda – eit etterlengta tilbod for born og unge. 

Kvar går midlane?

Midlar vi får frå sponsorar og støttespelarar går til utgifter knytt til klubbhus, treningsutstyr og gjennomføring av aktivitetar som turneringar og dataspeltreff (LAN).

Korleis kan Volda E-sport profilere dykk?

E-sport er ein relativt ny sport i Noreg, men på full fart framover, også på Sunnmøre! Vi vil synleggjere sponsorar på digitale plattformar,  streaming-tenester og på nettstaden vår. Volda E-sport sine sponsorar kan også bli profilert på våre arrangement. Vi vil jobbe aktivt for å skape mediemerksemd rundt klubben og støttespelarane.


Klubbhuset på stadion blir VES sin heimebane og treningsplass samt ein sosial møtestad for dataspelarar Volda.

Hovudsponsor

Ein strategisk samarbeidspartnar som ønsker å knytte seg til klubben over lengre tid.

  • Synleg og involvert i Volda E-sport på alle område
  • Bruk av utøvarar som ambassadørar
  • Framheva logo på speledrakt

Gullsponsor

Minimum kr. 15.000

  • Stor logo med lenke på førstesida på nettstaden til Volda E-sport 
  • Profilering på Volda E-sport sine streaming-tenester
  • Profilering på speledrakt
  • Profilering på klubbhus
  • Profilering på aktivitetar og arrangement
  • 5 billettar til arrangement i regi av Volda E-sport, t.d. Volda LAN

Sølvsponsor

Minimum kr. 5.000

  • Logo med lenke på nettstaden til Volda E-sport 
  • Profilering på Volda E-sport sine streaming-tenester
  • Profilering på aktivitetar og arrangement

Støttespelar

Ei verksemd, privatperson eller anna aktør som utan å signere sponsorkontrakt bidreg med pengestøtte eller ei yting som reduserer utgiftene til klubben. Alle støttespelarar har rett til logo på nettstaden til Volda E-sport.