Grasrotandel

Støtt Volda E-sport med grasrotandel frå Norsk Tipping

Grasrotandelen gir deg høve til å bestemme kven som skal få noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar hos Norsk Tipping kan du velje å støtte det laget eller foreninga du meiner fortener det mest.

Vi oppfordrar deg til å støtte oss i Volda E-sport med din grasrotandel. Vårt organisasjonsnummer er 924611138.

For å være grasrotgjevar må du være kunde hos Norsk Tipping.

Ved speling hos Norsk Tipping vil inntil 7 prosent av spelinnsatsen gå direkte til din grasrotmottakar, og best av alt, verken innsats, premie eller vinnarsjanse vert redusert. Grasrotandelen gjeld for alle spel hos Norsk Tippings, bortsett frå fysiske Flax-lodd og Belago.

Du kan bli grasrotgjevar på ein av fylgjande måtar:

  • Hos kommisjonæren
  • Mobilspel
  • Norsk Tipping sine nettsider
  • SMS, send Grasrotandelen 924611138 til 60000

For meir informasjon sjå www.norsk-tipping.no

Takk for di støtte!