Kva er e-sport?

Volda E-sport (VES) er ein e-sportklubb. E-sport er satt saman av orda elektronisk og sport og er ein organisert form for konkurransespeling, som regel på PC eller konsoll. Konkurransar skjer via internett (“online”) eller så er spelarane samla i eit lokale (“offline”) med turneringar, tilskodarar, premiar og rangering av spelarane.

E-sport? Gaming?

E-sport er dataspel der ein konkurrerer og har organiserte turneringar med premiar.

Gaming er enkelt å greit dataspeling, enten det er på PC, konsoll, mobil eller andre plattformer. Ein “gamer” har dataspel som ein fritidsaktivitet.

Eg spelar ikke dataspel, kvifor skal eg bry meg om e-sport?

Som annan sport har e-sport tilskodarar og utøvarar. På same måte som du ikkje treng å spele fotball sjølv for å ha god underhalding av å sjå ein fotballkamp, så treng du heller ikkje spele dataspel for å ha glede av å sjå ein kamp.

Mesterskap i e-sport

Kvifor treng Volda ein e-sportklubb?

Svært mange barn og unge spelar dataspel og ser på dette som ein viktig del av sine liv. Volda E-sport tilbyr eit positivt og sosialt spelmiljø med gode verdiar. 

Ein organisert klubb trengs for å organisere trening, lag og deltaking i ligaer og turneringar.

“96 prosent av guttene og 63 prosent av jentene i alderen 9-18 år spiller spill, for eksempel på PC, PlayStation, mobil og nettbrett.”

Barn og medier-undersøkelsen 2018

Slik kan e-sport sjå ut

YouTube video

Les meir

Les meir hos aktivegamere.no og barnevakten.no