Smittevernreglar for Volda E-sport sitt klubbhus

Volda E-sport følgjer til ei kvar tid gjldande nasjonale og lokale smittevernsreglar. 

Lag, grupper eller personar som bryt reglane vil ikkje få lov til å bruke huset. 

Generelt

  1. Skriv deg inn i besøksloggen både når du kjem og når du forlet klubbhuset. Alternativt kan Spond nyttast.
  2. Vask deg med handsprit før og etter besøk.
  3. Hald minimum 1 meter avstand til andre i lokalet.
  4. Vask felles utstyr før og etter bruk (bordplate, mus, tastatur, headset, armlener, osv) med desinfiserande sprit.
  5. Om du har covid-19 symptom eller føler deg sjuk skal du ikkje besøke klubbhuset!
  6. Berre annankvar PC skal brukast, maksimalt 6 PCar samtidig.
  7. Klubbhuset har tette rom utan aktivt ventilasjonssystem. Kvar heile klokketime skal det “stormluftast” i 5 minutter.
  8. Unngå høg stemmebruk / roping i lokalet for å redusere dråpesmitte.

Treningar

  1. Det skal alltid være ein ansvarleg vaksen som passar på å følge smittevernsreglane under alle treningar.
  2. Faste treningsgrupper definerer vi som ein kohort. Ein kohort er ei stabil gruppe med maksimal størrelse på 10 personar + trenarar.
  3. Alle som deltek på trening må være innmeldt før ein stiller på trening.
  4. Foreldre skal ikkje opphalde seg i treningsrommet.
  5. Utøvarar til og med 19 år kan sitte med mindre avstand enn 1 meter. Dette betyr at dei då kan nytte alle dei 10 PCane samtidig.

Anna

Manglar handsprit eller sprit til rensing av felles utstyr?
Ta kontakt med smittevernansvarleg.

Ikkje meir plass i besøksloggen til å skrive seg inn eller det manglar penn?
Ta kontakt med smittevernansvarleg.

Smittevernansvarleg
Stian Færøy, styreleiar, 93859809, stian@volda-esport.no, stianf#4984