Summer Games 21

Velkomen til ein sommar full av gaming i Volda! Volda E-sport har ope hus i heile sommar og håpar du vil bli med.

Kvar tirsdag, onsdag, fredag og laurdag frå tirsdag 29. juni til 12. august inviterer vi til open gaming, sosialt miljø og gode diskusjonar rundt gaming på Hamna 20 (lokalet til Ung i Volda).

Kvar laurdag vil vi også arrangere turneringar eller temakvelder.

Opplegget er ein del av Volda sitt sommarprogram og er eit samarbeid med Frivilligsentralen i Volda, Ung i Volda og Volda Røde Kors.

Tusen takk til Sparebanken Møre for støtte og Tussa for internett og utstyr.

Kven er det for?

Målgruppa er både gamere på alle nivå og også dei som berre er nysgjerrig. Vi ønsker også at foreldre og besteforeldre tek turen innom!

NB! Born under 10 år må ha med ein føresett.

Det er ingen krav til ferdigheiter eller erfaring for å bli med.

Nytt i år er at vi har tilpassa kontrollere frå Microsoft for dei som kan ha nytte av det.

Xbox Adaptive Controller med tilbehør koblet til kontrolleren, sett ovenfra og ned

Kvar skjer det?

Hamna 20 (fritidsklubben i Volda) og på Volda E-sport sin Discord server.

Kvifor arrangerer vi dette?

Vi ønsker å gjere sommaren 2021 endå meir gøy for gamere i Volda!

Finn spelkameratar i sommar ved å bli med på VES sin Discord server og besøk oss på Hamna 20 der du får spele på gaming-PCar. Kom aleine eller samen med dine kameratar og venninner.

Ikkje alle finn seg til rette i idrett eller andre tradisjonelle kulturtilbod. Vi vil gje et tilbod til dei som sit aleine og spelar, men som eigentleg ønsker å bli ein del av eit fellesskap. Volda E-sport ønsker å skape gode sosiale nettverk og møteplassar i løpet av sommaren 2021 🙂

Kva utstyr er der?

I lokalet er det satt opp prosjektorar med konsollar kobla til. I tillegg er det gaming PCar frå Volda E-sport. Det er valfritt om du nyttar medbrakt mus/tastatur eller ikkje.

Det er også høve til å spele biljard, air shuffle eller ping pong mellom slaga.

Når er det?

Frå tirsdag 29. juni til 12. august. Informasjon om turneringar blir annonsert på VES sin Discord server.

12:00 – 18:00 tirsdager, onsdager, fredager
15:00 – 21:00 lørdager

Smittevern

Volda E-sport fyl anbefalingane rundt smittevern som gjeld til ei kvar tid.

  • For å komme inn i fritidsklubben må en skrive seg inn med navn og tidspunkt.
  • For å komme inn i fritidsklubben må en bekrefte at en føler seg frisk
  • For å komme inn i fritidsklubben må en sprite hendene
  • Når en forlater lokalet må en skrive inn tidspunkt i besøkslogg. Dette er viktig for eventuell smittesporing.
  • Hald 1 meter avstand!

Kun 30 deltakarar vere i lokalet på same tid. Vi ber om forståing for dette.